Hopp til innhold

Kraftig auke i promillesaker

Etter ein jamn nedgang dei siste åra, har tal promillesaker auka med 12 prosent i år. Frå nyttår tek politiet i bruk ein ny spyttest mot dei som set seg rusa bak rattet.

Sjef i utrykningspolitiet Runar Karlsen

NYTT VÅPEN: Før jul håpar UP-sjef Runar Karlsen å ha eitt nytt våpen i ermet i kampen mot ruspåverka køyrarar.

Foto: Holm, Morten / Scanpix

Fram til september i år var det meldt 6.716 promillesaker i Norge.

Held trenden fram, med eitt snitt på 746 saker i månaden, går 2012 mot det verste «promilleåret» sidan 2003.

– Eg trur ei årsak er endringa som kom i lovverket frå nyttår. Så lenge den er ny, trur eg den gir utslag i fleire arresterte fordi vi no har ein nulltoleranse og faste låge grenser også for køyring i alkohol-, narkotika- og medikamentrus, seier UP-sjef Runar Karlsen.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Straff ved promillekøyring

STRAFF: Den som køyrer i ruspåverka tilstand risikerer i beste fall bot og/eller fengsel.

Foto: Tuva Tagseth, grafikk

Som ein alkotest

Lovgjevinga Karlsen siktar til er innføringa av ei fast grense, tilsvarande 0,2 i promille, for 20 narkotiske stoff og legemiddel. Ein hurtigtest av spytt skulle komme samstundes, men mangel på leverandørar utsette denne. Karlsen håpar politiet i Norge er utrusta med den før jul.

Kor mykje tiltaket kostar er uvisst, men Karlsen seier dei reknar kring 200 kroner for kvar test. UP-sjefen seier både lovverket og instrumentet er etterlengta.

– I prinsippet gir den oss høve til å bruke instrumentet på lik linje med ein alkotest på landevegen. I ein rutinekontroll kan vi sjekke bilføraren utan skjelling grunn til mistanke, slik at vi i praksis vil prøve å sjå om det er omstende kring køyringa eller person som gir grunnlag til test, seier Karlsen.

130.000 køyrer dagleg med rus

Karlsen trur ikkje dei auka tala for i år indikerer at køyring i rusa tilstand er meir utbreitt. Han vel heller å tru at det er ein kombinasjon av det nye lovverket, samt auka fokus frå politiet si side.

Statistikken for trafikkulukker og omkomne/skadde på norske vegar har dei siste åra vore på veg nedover. Ruspåverknad er ei medverkande årsak i ein stor del av dødsulukkene.

Ein reknar at rusen krev 40–50 menneskeliv i trafikken. Det er også verdt å ta med seg at bilparken har auka kraftig. Frå 395 bilar per tusen innbyggjarar i 1985, til 557 bilar per tusen innbyggjar i 2011.

– Folkehelsetilsynet reknar at det dagleg er kring 130.000 rusa køyrarar. Målsetjinga er å få ned det talet så godt vi kan, seier Karlsen.

Aukar ulukkesfare

Hans Olav Hellesøe

ANALYSER: Hans Olav Hellesøe leier analysegruppa i Statens vegvesen Region Vest.

Foto: Giselle Jensen

Hans Olav Hellesøe, leiar av Ulukkesanalysegruppa i Statens vegvesen Region vest, er nøgd med at statistikken går nedover.

Samstundes mange av dei omkomne bilførarar var også påverka av rus.

– Ein tommelfingerregel er at stoggar du tusen bilistar, så er éin påverka av alkohol. Fire av tusen bilførarar er påverka av narkotika eller legemiddel, seier han.

– Rus er ein risikofaktor som aukar faren for alvorlege ulukker i monaleg grad, legg Karlsen til.

Store mørketal

Den nye grensa som svarar til ein promille på 0,2, er truleg ei medverkande årsaka til at det så langt i år er registrert 12 prosent fleire promillesaker enn dei 5973 sakene på same tid i fjor.

– Alkohol finst framleis hyppigast i meldte saker for rusa køyring. Medan vegkantundersøkingar gjennomført av Folkehelseinstituttet, viser at legemidlar finst hyppigast, deretter narkotika og deretter alkohol. Det kan tyde på at mørketala er høge for annan rus, seier Karlsen.

(Artikkelen held fram under tabellen)

UP sin statistikk over meldte promillesaker

2001

2002

2003

2004

2005

2006

2007

2008

2009

2010

2011

9.908

10.379

8.995

8.633

8.333

8.725

8.733

8.677

8.260

8.348

8.093

Mange har køyrt i rusa tilstand

Ole Christian Kaada

FØREBYGGJAR: Ole Christian Kaada.

Foto: Gjensidige Forsikring

Dei store mørketala underbyggjer truleg ei undersøking Ipsos MMI har gjort på oppdrag frå Gjensidige. Der oppgir ein av tre nordmenn trur dei kan ha køyrt med promille

Heile 42 prosent av mennene vedgjekk at dei har spekulert i å køyre dagen deretter eller nokre timar etter at dei har drukke alkohol. Berre 19 prosent av kvinnene svarte det same.

– Det er svært oppsiktsvekkjande at heile 31 prosent av dei som har førarkort svarar at dei har teke sjansen på å køyre bil og vore usikre på om dei er påverka av alkohol, seier skadeførebyggjar Ole Christian Kaada.

– Står på haldningar

Difor får også Utrykningspolitiet ta i bruk spyttest i kampen mot påverka bilførarar. Testar ein bilførar positivt på prøven, blir vedkommande framstilt for blodprøve. Det er blodprøven som blir brukt som bevis i ei strafferettssak.

– Men kva med førarar som køyrer med høgpromille? Korleis får ein stogga dei før dei set seg i bilen?

– Det handlar veldig mykje om haldningar hos den enkelte førar. Meir fokus frå politiet, informasjon om at rusa køyrarar står for 22 prosent av dødsulukkene siste åra, at det fører til tap av førarrett og at ein misser retten til forsikring dersom uhellet er ute, seier Karlsen.

– Kritisk situasjon

– Ein kan setje seg sjølv eller andre i ein kritisk situasjon dersom ein tek denne risikoen, legg UP-sjefen til.

Torgeir Breilid

SKADD: Torgeir Breilid vart lenka til rullestolen etter ulukka for fire år sidan.

Foto: Oddleif Løset / NRK

NRK har fortalt historia til Torgeir Breilid (41) frå Fresvik i Sogn, som i august 2008 vart påkøyrd og stygt lemlesta på veg til ein dans. Bileigaren vart arrestert, sikta og dømd for promillekøyring og aktlaus lekamskrenking i tingretten.

Domen vart anka og ein delt lagmannsrett fann ikkje bevisa sterke nok til domfelling. Bileigaren vart likevel dømd til å betale Breilid erstatning. 41-åringen i Vik er samd i at haldningsskapande arbeid er viktig.

– Dette er opp til folk sjølve. Eg trur ein må til med haldningsskapande arbeid, slik at ein ikkje tek sykkel, bil eller kva det er i rusa tilstand. Og så må vegvesen og politi vise at dei er der også, trur Breilid.

– Eit helseproblem

Også bruk av alkolås er til utgreiing, og UP-sjef Karlsen meiner det er viktig at personar som har rusproblem blir fråtekne førarkortet.

– Køyring i rusa tilstand må også sjåast på som eit helseproblem. Det er ofte personar med eit rusproblem, slik at køyring i rusa tilstand også må sjåast på som eit helseproblem, seier han.

Norge vart det første landet då det i 1936 vart innført fast promillegrense på 0,5 promille. Denne vart justert ned til 0,2 i 2001. Nyleg vart det også innført nulltoleranse overfor unge bilførarar også ved lågpromille.

Gamal bilpark

I tillegg vel stadig fleire å montere alkolås, som gjer at bilen ikkje startar om føraren er påverka. Alkomålar i bil vart påbode i Frankrike frå 1. juli i år.

– På nyare bilar kan kanskje alkolås vere greitt, men det er ein gammal bilpark i Norge og ein får ikkje det ned til null på den måten, seier Breilid.

– Til sjuande og sist kjem det veldig an på den enkelte si haldning og innstilling til dette med ruskøyring. Det ansvaret må kvar enkelt som skal køyre bil ta sjølv, avsluttar Karlsen.