Hopp til innhold

Får ny frist til å fjerne avfall

Statens Forureiningstilsyn (SFT) gjev Alexela Sløvåg ny frist til å fjerne fem millionar liter avfall som framleis er ved anlegget.

Håkon Ivarson (t.v.) og Bjørn Bjørnstad på inspeksjon hos Alexela i Sløvåg.

Håkon Ivarson (t.v.) og Bjørn Bjørnstad under ein tidlegare inspeksjon hos Alexela i Sløvåg.

Foto: Steinar Lote / NRK

Om ikkje Alexela held fristen, varslar SFT tvangsmulkter.

- Vi ser føre oss at dette skal vere tomt i løpet av året. Eg kan ikkje garantere noko kring dette. Vi kjenner historia til verksemda, men eg kan garantere at vi vil følgje dette tett med tilsyn, seier seksjonssjef Bjørn Bjørnstad.

Trygg på ny konsesjon

Ved anlegget til tidlegare Vest Tank i Gulen, no Alexela Sløvåg, ligg det framleis store mengder oljeavfall. Framleis har administrerande direktør Håkon Ivarson ingen svar på kvar avfallet tek vegen, men han er optimist med tanke på å halde den nye tidsfristen. Han fryktar ikkje straff, eller avslag på ny søknad om drift.

- Eg er rimeleg trygg på at vi vil få nytt løyve. Vi har tett dialog med SFT. Dei veit nøyaktig kva vi gjer og kva vi til eikvar tid har på tankane. Eg trur vi har god kontroll, samane SFT, seier han.

Varslar hardare linje

SFT har fått kritikk for å ikkje straffe Alexela med bøter, men Bjørnstad varslar no ei hardare linje mot verksemda.

- Vi ser at tvangsmulkt kopla med desse fristane, virkar. Alexela er 100 prosent klar over at det ikkje blir nytt løyve frå SFT før anlegget er heilt tomt og reint, seier han.