Hopp til innhold

Får leve inntil vidare

Reven som har skapt trøbbel på Sognefjellet får leve inntil vidare, melder Bergens Tidende. – Så lenge det ikkje skjer noko, så får den leve, seier Einar Fortun i Fjelloppsynet i Luster. Den nærast tamme reven har bite to personar på kort tid, og det vart vurdert å skyte tispa, som truleg har eit hi med kvelpar. – Så lenge det er roleg har vi utsett å leite etter hiet, seier Fortun.

Reven i Luster
Foto: Einar Fortun