Hopp til innhold

Får ikkje subsidiere industrikraft

Regjeringa gir opp å skaffe norsk industri konkurransedyktige prisar. Får kjeft frå eigne regeringskameratar.

Metallverket i Øvre Årdal.

Hydro sitt metallverk i Øvre Årdal kan gløyme billig kraft i framtida, sler regjeringa fast.

Foto: NRK

Guri Størvold

Statssektretær i olje- og energiepartementet, Guri Størvold.

Foto: NRK

- Vi likar ikkje at EU legg den typen avgrensinar på norsk politikk. Når det er sagt jobbar vi det vi kan med å finne andre høve til å gje kraftkrevjande industri langsiktige, gode rammebetingelsar, seier statssekretær Guri Størvold i Olje- og Energidepartementet.

Ap-Heggø: - Sp gøymer seg bak EØS

Trass i løfta frå valkampen der regjeringa lova å skaffe norsk kraftkrevjande industri billeg kraft etter at dei langsiktige avtalene med staten går ut seier no statssekretær Størvold frå Senterpartiet at dei ikkje greier å skaffe industrien billig energi.

- Det vi har fått veldig klar beskjed om frå EU er at det er ikkje tillete å subisidere billeg kraft direkte til industrien, og det må me forholde oss til.

- Kva andre høve ser de på då?

- Vi ser på heile den generelle næringspolitikken med skatter, avgifter, forskning og andre typar rammevilkår, seier ho.

- Løftebrot

Fagforeningsleiar for 6000 Hydrotilsette i LO og styremedlem i Hydro Billy Fredagsvik rasar mot utsegnene frå Størvold.

- Dette er eit løftebrot og det er i rasering av den kraftforedlande industrien i Norge. Det er kraft som ligg i grunn for den industrien vi driv med, og då må vi ha kraft til fornuftige prisar, seier han.

Industrien har i lengre tid krevd å få på plass eit ny ordning som gir billeg straum fordi det vil sikre arbeidsplassar og nye investeringar.