Hopp til innhold

Får ikkje starte undersøkingar enno

Arbeidet med å undersøke brannstaden etter dødsbrannen i Jostedalen i førre veke, vil ikkje ta til før om ei og ei halv veke. Lensmann i Luster Asle Karoliussen er ikkje sikre på om dei vil finne brannårsaka.

Brann i Jostedalen

VEG IKKJE OM DEI FINN ÅRSAKA: Store delar av huset står framleis att på delar av branntomta, men huset har omfattande skadar.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Dei som skal gjere undersøkingane må få gjere jobben sin og samanfatte sine funn. Så få vi sjå på dei opp mot opplysningar i saka, og eventuelt kome med ein konklusjon når dei er ferdig, seier Karoliussen.

Får ikkje starta undersøkingar

Asle Karoliussen

KLART: Lensmann i Luster, Asle Karoliussen fortel at brannstaden er klargjort for undersøkingar.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Alle førebuingar er gjort på brannstaden i Jostedalen, men arbeidet vil ikkje ta til før i veke 31.

– Vi har klargjort brannstaden ved å sikre det som skal sikrast. Vi har teke ned pipa og tatt ned andre ting som kan utgjere ei fare for dei som skal arbeide på branntomta, seier lensmann i Luster, Asle Karoliussen.

Grunna ferieavvikling i det lokale politiet har lensmannskontoret i Luster bede Kripos om hjelp til den branntekniske undersøkinga etter dødsbrannen i Jostedalen før helga.

– Kripos vil hjelpe oss med etterforskarar knytt til åstadsarbeidet som skjer på brannstaden, seier lensmann i Luster, Asle Karoliussen

Store delar står att

Ein 63 år gamal mann vart frakta til Haukeland universitetssjukehus etter brannen, og døydde der av skadane.

Sjølv om huset er totalskadd, står store delar av bustaden att, noko som kan bidra til at ein finn årsaka til brannen.

– Vi er heldige. Ein kan tolke ein del ting ut ifrå det som brannstaden viser og det er mogleg å gjere funn slik at ein kan snevre inn brannstaden til eit spesielt område og på den måten finne brannårsaka, seier Karoliussen.