I Frønningen og området rundt finst ein av dei største hjortestammane i Lærdal. Vilhelm Rumohr er oppteken av å ta vare på denne stammen, og difor ser han det også som si plikt å mate hjorten når det blir naudsynt. I 1994 og i 2000 fekk han dekka desse kostnadene av fylkesmannen. Men no er det kommunane gjennom viltforvaltninga som sjølv bestemmer kva tiltak dei vil dekke.
- Burde søkt før
Rumohr meiner matinga av hjortestammen har vore heilt naudsyn, men det er ikkje kommunen samd i skal vi tru skogbrukssjef Marco Neven. Han meiner i tillegg at Rumohr burde ha søkt om midlar før han starta med fôringa.
Vilhelm Rumohr har brukt 30.000 kroner av eiga lomme til naudfôring av hjort sist vinter. Han har klaga på vedtaket til kommunen, men sjølv om han får avslag betyr ikkje det at han kjem til å slutte å mate hjorten.