Hopp til innhold

Får ikkje bruke fôr med miljøgift

Mattilsynet har i dag behandla ferdig klagen frå tre fiskefôrprodusentar som hadde søkt om dispensasjon til å bruke fôr med miljøgifta HCB i. Konklusjonen er at omsetningsforbodet blir halde oppe.

Ewos

FÔR: Fiskemjøl som norsk oppdrettslaks har fått i seg inneheld for høg konsentrasjon av HCB.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er eit strengt og klart regelverk som ligg til grunn og som forbyr desse stoffa over ein viss grenseverdi, og det er viktig å hindre at denne gifta blir spreidd i verdikjeda, seier regelverksdirektør i Mattilsynet, Kari Bryhni.

Dei tre produsentane har klaga på omsetnadsforbodet og avslag på dispensasjon frå dette. Både Ewos i Florø og to andre produsentar engasjerte advokatar for å få lov til bruke vel 1000 tonn fôr som ligg att i karantene, og som inneheld det ureina fiskemjølet.

Det var fiskefôrprodusenten Skretting som i ein kontroll påviste for høge nivå av miljøgifta HCB i eit parti fiskemjøl frå Peru.

Mjølet har igjen blitt brukt i 100 000 tonn fiskefôr frå tre norske produsentar. For mykje av det forbodne og kreftfarlege stoffet Heksaklorbenzen (HCB) har difor hamna i foret til norsk oppdrettslaks.

Mattilsynet blei varsla om saka og gjorde vedtak om omsetningsforbod. Dette vedtaket klaga produsentane på, og i dag kom avgjerda frå hovudkontoret til Mattilsynet.

Regelverket er strengt

Kari Bryhni

STRENGT: Regelverksdirektør i Mattilsynet Kari Bryhni seier det er eit strengt regelverk for at ein skal unngå at stoffet hamnar i matkjeda.

Foto: Tor Risberg / NRK

– Vi held oppe vedtaket om omsetnadsforbod. Dette er eit forbode stoff vi ikkje vil ha i matkjeda. Fôret kan difor ikkje brukast. HCB kan gi alvorlege skader på helse og miljø. Stoffet kan spreiast over store avstandar med hav- og luftstraumar og konsentrerer seg opp i næringskjeder i naturen, seier Bryhni.

Produsentane har sagt at samla sett så kjem fôret under grenseverdiane fordi ein har blanda det i lag med andre ingrediensar.

– Kvifor har de ikkje teke omsyn til det argumentet?

Regelverket er veldig strengt. Det skal vere under grenseverdien på det som vert tilsett i fôret. Det er heller ikkje lov til å tynne ut om verdiane er for høge. Dette er sett for å beskytte miljøet for utslepp frå desse stoffa, forklarar Bryhni.

– Fisken er ikkje farleg

No vil Mattilsynet følgje opp produsentane for sikre seg at fôret som er til overs vert handtert på rett måte.

– Og det vil seie at det ikkje vert brukt i matkjeda, seier Bryhni.

– Reknar de fisken som har ete fôret som farleg for folk?

– Nei, det gjer vi ikkje. Dei opplysningane som vi har frå NIFES, som har gjort undersøkingar, er at fisken som har ete dette fôret er trygg for forbrukaren. Vi får ytterlegare prøveresultat seinare denne veka, men fisken er trygg å ete, seier Bryhni.