NRK Meny
Normal

Høgsterett: Mann får grave opp grav for å teste farskap

Ein mann frå Sogn og Fjordane får truleg grave opp grava til mannen han meiner var far hans for å avgjere ein arvestrid. Det har Høgsterett avgjort.

Høyesterett

OPPHEVA DOM: Høgsterett valde å oppheve domane frå tingretten og lagmannseretten. Dermed kan det bli gravopning mot kyrkja si vilje.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

73-åringen har fått medhald i Høgsterett i at ei grav kan opnast for å farskapsteste eit lik, og at det ikkje er kyrkja som skal avgjere dette spørsmålet.

Striden står om mannen som døydde for to år sidan var 73-åringen sin biologiske far, og at han dermed er arving til millionverdiar. Niesene og nevøane til mannen som døydde har stritta kraftig imot at grava skal kunne opnast.

Nøgd advokat

Til VG seier advokat Pål Sverre Hernæs i Help Forsikring at dei og klienten er nøgde med at dei har fått medhald frå Høgsterett, etter at både Sogn tingrett og Gulating lagmannsrett hadde eit anna syn på saka.

Høgsterett har oppheva dommane frå tingretten og lagmannsretten, og såleis må spørsmålet om ei eventuell gravopning handsamast på nytt i tingretten.

– Biologien viktigast

Advokat Arne Gjeraker i Sogndal representerer nevøane og niesene til den avdøydde, og han tek dommen frå Høgsterett til etteretning.

– Min førebelse kommentar er at Høgsterett i denne saka bevegar seg svært nær lovgjevar si rolle og går langt i si tolking av lova. Domstolen meiner at ein person sitt ønskje om å få vite sitt biologiske opphav skal gå foran andre tunge interesser, seier Gjeraker til VG.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.