NRK Meny

Får erstatning

Ni brukarar og verger som fekk sine personopplysningar offentleggjorde i Årdal kommune sine postlister får 5 000 kroner kvar i erstatning. Det stadfestar advokat Arvid Mellingen overfor Porten.no. Det var i februar at kommunen publiserte sensitiv informasjon om personar med psykisk utviklingshemming og vergene deira, på sine offentlege postjournallister. Både kommunen og advokaten seier saka no er avslutta.