Hopp til innhold

Får bot etter trafikkuhell

Ei kvinne i 50-åra har godteke eit førelegg på 8.000 kroner etter at ho braut vikepliktsregelen overfor ein syklist i Vågsøy i starten av oktober. I eit forsøk på å unngå samanstøyt, kvelva syklisten og vart påført kragebeinsbrot. Kvinna må også klare seg utan førarkort i seks månader etter uhellet.