Hopp til innhold

Må betale 700.000 i bot og erstatning etter at steinkrossen vart øydelagd

Politiet har no ilagt det kyrkjelege fellesrådet i Gulen ei bot på 50.000 kroner etter at den gamle steinkrossen i Eivindvik blei øydelagt i samband med trefelling. Dei må og betale ei erstatning på 650.000 kroner.

Krossen i Eivindvik

KNAKK: Steinkrossen ved Eivindvik kyrkje knakk då ein skulle felle eit tre. No må kyrkja betale erstatning og bot.

Foto: Ottar Starheim/Laila Indrebø / NRK

Steinkrossen frå år 1023 fekk stygge skader i april 2012. No har Hordaland politidistrikt avgjort etter pålegg frå Statsadvokaten at dette kjem til å koste Gulen kyrkjelege fellesråd dyrt.

– Vi har ilagt ei bot på 50.000 kroner og krav om erstatning for 650.000 kroner, opplyser politiinspektør Liv Karlsen.

Gav ikkje beskjed

Saka er handsama slik at det er skrive ut eit forelegg til Gulen kyrkjelege fellesråd etter ordre frå Statsadvokaten i Hordaland.

– Dette forelegget gjeld brot på kulturminnnelova ved at fellesrådet ikkje gav beskjed til rett styresmakt då dei planla å fjerne dette treet. Dei skulle ha meldt frå til fylkeskommunen fordi tiltaket kunne medføre skade på steinkrossen, og det viser seg jo at det skjedde, seier Karlsen.

Må betale erstatning

Fellesrådet er pålagt av politiet å erstatte dei kostnadane det vil vere å setje krossen i stand, noko Universitetsmuseet i Bergen har rekna til 650.000 kroner.

Trude Brosvik

Trude Brosvik

Foto: Johan Moen

– Denne saka tek opp i seg ålmenpreventive omsyn. Ein skal vere påpasseleg når ein skal utføre arbeid ved kulturminner, og særleg automatisk freda kulturminner.
Politiet har brukt lang tid på denne saka. Vi har mykje å gjere, og av og til tek det lengre tid enn det vi skulle ønskje, sler politiinspektøren fast.

– Om lag det vi rekna med

Kyrkjeverje i Gulen, Trude Brosvik, tek politiet si avgjersle til etteretning. Dei varsla sjølv om det som skjedde då trefellinga gjekk gale i april i 2012.

– Det er vel nokonlunde der vi rekna med det måtte bli, men det er veldig mykje pengar. Vi må jo ta ein kontakt med Gulen kommune, men i første omgang tek vi dette vidare mot forsikringsselskapet. Vi prøver jo ut dei først på dette, seier Brosvik.

Vil i alle fall ha kopi

Det er no ein strid mellom Bergen museum og Gulen kommune om kvar ein skal plassere krossen etter at den er ferdig reparert.

Museet vil ha den innandørs, medan kyrkjeverje Trude Brosvik gjerne vil ha den tilbake på same staden. Om ikkje det går, så bør det opp ein tru kopi, meiner ho.

– Eg trur folk fyrst og fremst ynskjer det. Og dersom det ikkje er mogleg å få til med myndigheitene, så vil ein nok stå veldig på for å få på plass ein kopi