Hopp til innhold

Får bøker levert på døra: – Livsnødvendig

For eldre som er glade i litteratur kan det vere tungt å ikkje lenger klare å kome seg til biblioteket. Men i seks kommunar i Sogn og Fjordane prøver ein å hjelpe dei eldre ved å levere bøker heim til dei.

Bok på døra
Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

– Det er nesten livsnødvendig, seier Olaug Joleik Kirkebø (85). Ho har lese bøker sidan ho var fem år gammal, og er framleis ein ivrig lesar.

Gjennom ordninga «Bok på døra» får ho levert bøker frå biblioteket til heimen sin i Førde.

– Eg kjem meg ikkje nokon stad, så det er viktig å få bøker hit, seier Joleik Kirkebø, som sit i rullestol.

Litteratur til alle

– Biblioteket vil gjerne nå fram til alle, seier Reidun Koksvik.

Ho er ansvarleg for ordninga ved Førde bibliotek.

– Det er ofte slik at dei som ikkje kjem seg ut på eiga hand, må be familiemedlemmene om hjelp. Og det er fint, men då kan «Bok på døra» vere eit supplement, slik at ein ikkje treng be om akkurat den hjelpa hos dei nærmaste.

Bok på døra

GODT TILBOD: Dei er glade for tilbodet om bøker på døra - heilt gratis. Frå venstre: Reidun Koksvik, Olaug Joleik Kirkebø, Botolv Tennefoss

Foto: Elise Sundfør Erdal / NRK

Samarbeider med med Røde Kors

"Bok på døra" er eit samarbeidsprosjekt mellom Førde bibliotek og Førde Røde Kors.
Biblioteket finn fram eit utval bøker. Frivillige frå besøkstenesta i Røde Kors leverer og hentar dei ein gong i månaden.

– Dette er ei fin ordning. Dei er veldig glade for at eg kjem, seier Botolv Tennefoss.

Han har vore frivillig i Røde Kors i mange år, og reiser heim til fire personar med bøker.

Ivrig boklånar

For Olaug Joleik Kirkebø gjer ordninga at ho kan halde fram med å lese.

– Eg har alltid lese mykje, og no les eg ofte opp igjen bøker eg har lese for lenge sidan, seier ho.

For tida held ho på med "Julie" av Anne Karin Elstad.

– Eg har lese ho før, men eg synest det er givande å lese ho på nytt, eg hadde visst ikkje lese alle i den serien, seier ho.

Reidun Koksvik understrekar at ordninga ikkje berre er for eldre.

– Dette er eit tilbod til alle som ikkje kan kome seg til biblioteket for eiga hjelp, så dersom det er nokon som ynskjer bøker på døra, er det berre å ta kontakt, avsluttar ho.