Hopp til innhold

Får bli verande i Jølster

Ogba Asfhe (67) har blitt flytta rundt frå asylmottak til asylmottak i 26 år. No får ho bli verande i Jølster. Det skriv Firda. Avisa skriv vidare at UDI og Jølster kommune er vortne einige om å opprette ein alternativ mottaksplass for henne i Jølster, slik at ho får bli buande i kommunen. Kommunen har fått tak i eit husvære til henne.

Ogba Asfhe
Foto: Melki Ahmed