Hopp til innhold

Får behalde båtrutene

Samferdsleutvalet kutta verken godsbåten til Solund og Gulen eller båtrutene til Frønningen, Alden og Sandøy då dei handsama saka i dag.

Dermed klarer politikarane berre å spare to av dei tre millionane dei skulle ta inn på rutekutta.

Leiar i samferdsleutvalet Liv Henjum, meiner det politikarane gjorde i dag var heilt rett.

- Det vedtaket vi no gjorde er heilt i tråd med målsettinga som står i fylkesplanen og sjølvsagt ønska som har kome frå dei bygdene som var hardast berørte, seier Henjum.

Godsbåten sikra

Det har kome hard kritikk mot tilrådinga om å fjerne godsbåttilbodet i Gulen og Solund. Men i dag vedtok fylkespolitikarane at dei ikkje ville kutte tilbodet. Liv Henjum meiner godsbåten no er sikra fram til eit anna alternativ eventuelt ligg føre.

- Vi har ein manko på finansiering av denne ruta på 1 million kroner, og vi ber då fylkesutvalet om å løyve denne summen, og dette har vi klareret med våre partifeller i utvalet.

Billegare ruteopplegg i Askvoll

Politikarane vil ha eit billegare ruteopplegg til øyane i Askvoll.  I dag kostar passasjerbåtrutene til Alden og Sandøy 850.000 kroner. No vil politikarane finne ei løysing som skal koste 500.000 kroner.

Leiar for samferdsleutvalet Liv Henjum trur dette er godt nok til at innbyggjarane iallefall skal kunne kome seg til kommunesenteret ein gong i veka.

Heidi Kjempenes representerer bygdelaget i Værlandet og Bulandet. Ho er glad for at politikarane seier dei vil oppretthalde rutene til øyane i Askvoll, men er usikker på om tilbudet vert godt nok når dei no skal redusere kostnadene.

Vil ha søndagsrute til Frønningen

Skyssbåten til Frønningen skal gå fram til 15. mai når sommarrutene tek til. I tillegg vil politikarane også ha ferje til Frønningen på søndagar.