Hopp til innhold

Får behalde 1268 trappetrinn – kan bli turistattraksjon

HØYANGER (NRK) Røyrgata og trappetrinna over Høyanger får stå i fred. No vil kommunen legge til rette for at anlegget i fjellsida blir ein attraksjon.

Anita Nordheim og Gaute Ljotebø

GLADE: Lokalhistorikar Gaute Ljotebø og kultursjef Anita Nordheim.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Dei gamle røyrgatene, trallebana og trappa over Høyanger sentrum var truga. Etter 100 år hadde ikkje eigaren Statkraft bruk for anlegget lenger, og ville fjerne det.

Men onsdag fekk kommunen beskjed om at landemerket skal få stå. Det får kultursjef Anita Nordheim til å juble.

– Det har vore eit stort engasjement i Høyanger. Vi er utruleg glade for at Statkraft har valt å ikkje rive, seier Nordheim.

Kven som skal eige, drive og vedlikehalde anlegget framover, er ikkje avklara. Men det ligg i korta at andre enn Statkraft må ta heile eller delar av oppgåva.

Kultursjefen og kommunen har i alle fall klare tankar om kva anlegget kan brukast til.

– Vi vil bevare, men også utvide bruken og ta anlegget inn i ei ny tid. Og kanskje bygge på nokre element som gjer det meir attraktivt, som til dømes eit utkikspunkt, seier Anita Nordheim.

Røyrgata Høyanger

VIKTIG: Røyrgata vart grunnlaget for Høyanger som industristad.

Foto: Einar Helgesen

Grunnlaget for Høyanger

Trappa opp tel 1268 trappetrinn. Til samanlikning er Stoltzekleiven i Bergen 908 trinn.

Lokalhistorikar Gaute Ljotebø seier røyrgata la grunnlaget for Høyanger som industristad.

– Dette var blodåra til Høyanger-samfunnet. Vatn vart sendt frå fjellet til kraftstasjonen slik at fabrikken kunne produsere aluminium.

Han meiner anlegget er den beste måten å formidle historia til industristaden i Sogn på.

– Når du ser røyrgata og trappa, så ser du kva Høyanger har levd av. Fabrikken der nede, røyrgata, krafta. Det var kraft, fabrikk og industri som gav Høyanger framveksten.

Røyrgata og trappene er også viktig for identiteten til innbyggarane i Høyanger.

– Folk som går opp her, går i dei same trappetrinna som foreldra, besteforeldra og no gjerne oldeforeldra gjekk, seier Ljotebø.

Røyrgata Høyanger

HISTORIE: Frå bygginga av røyrgata i april 1917.

Foto: Einar Helgesen

100 år

Trallebana og trappene kom i drift i 1917 og var opphavleg brukt til å montere røyrgata like ved.

Seinare vart den nytta til transport av materiell, og få folk i Høyanger til fjells i arbeid og fritid.

Rundt 5000 menneske går den 1268 trinn lange trappa i året, ifølge kommunen.

– Folk i Høyanger bruker anlegget til rekreasjon og trim. Vi vil bygge på dette og gjere det attraktivt for mange fleire, seier kultursjefen.

Røyrgata i Høyanger

PÅ TUR: Vaksne folk i Høyanger hugsar anlegget best som transport til fjells. Dette bildet er teke i 1947.

Foto: Ernst Shwitters

Spillhuset

Men skjebnen til Spillhuset som drog trallebana er ikkje avklara. Statkraft vil rive det. Men kultursjef Anita Nordheim seier kommunen vil gå i dialog med selskapet for å ta vare på bygningen.

– Vi er veldig interessert i at Spillhuset skal stå. Kanskje kan vi lage eit ope museum og la elementa i det stå slik som det står. Det er noko av ideane vi har, seier Nordheim.

Røyrgata K1 i Høyanger

IKKJE RIVE: Anlegget, med frå venstre røyrgate, trallebane og trappetrinn, er kalla K1.

Foto: Gaute Ljotebø