NRK Meny
Normal

Får 3,5 millionar til samhandling

Regjeringa løyver 3,5 millionar kroner til samhandling i Sogn og Fjordane.

Anne-Grete Strøm-Erichsen

LØYVER: Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen løyver 3,5 millionar kroner til åtte ulike samhandlingsprosjekt i Sogn og Fjordane.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Samhandlingsreforma trer i kraft 1. januar neste år. Regjeringa ynskjer betre helsetenester der folk bur, tidleg behandling av sjukdom og meir førebygging gjennom reforma.

På landsbasis har regjeringa sett av 133 millionar kroner til samhandling i kommunane. Av desse dryp det midlar på åtte ulike prosjekt i fylket.

– Dette kjem pasientane og innbyggjarane i fylket til gode, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

– Godt i gang

Samhandlingsmidlane skal mellom anna nyttast til lokalmedisinske sentre der kommunar og sjukehus samarbeider om å byggje opp gode lokale tenester. Midlane går også til andre typar samarbeid om helse- og omsorgstenester.

Strøm-Erichsen seier mange kommunar no er godt i gang med å byggje opp helse- og omsorgstenestene sine.

– Pasientar skal sleppe å reise mange mil til sjukehus for å få enkel oppfølging og behandling dersom dei kan få eit like godt eller betre tilbod i nærmiljøet sitt, seier helse- og omsorgsministeren.

Desse får midlar til samhandling

Kommune

Prosjekt

Samarbeidspartnar

Tildeling 2011

Sum Sogn og Fjordane

3 500 000

Sogndal

Folkehelse og førebyggjande helsearbeid i Sogn

Sogndal, Luster, Leikanger

800 000

Lærdal

Forstudie, etablering av distriktsmedisinsk senter Sogn knytt til Lærdal sjukehus

Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal, Luster

400 000

Førde

Vidareføring av prosjekt knytt til "rehabilitering" og "førebyggjande helsearbeid"

Flora, Solund, Hyllestad, Høyanger, Balestrand, Askvoll, Fjaler, Gaular, Jølster, Førde, Naustdal, Bremanger, Helse Førde

200 000

Førde

Heilskapeleg og koordinerte tenester i forventa pasientforløp - KOLS-pasientar

Alle kommunar i fylket, KS, Helse Førde

600 000

Førde

Kompetanseutvikling gjennom gjensidig hospiteringsordning

Alle kommunane i fylket, KS, Helse Førde

300 000

Førde

Telemedisin i Sogn og Fjordane - fase 1: kartlegging, avklareringar og tilrettelegging

Alle kommunane i fylket, KS, Helse Førde

400 000

Eid

Felles døgnavdeling/internmediaæravdeling for Nordfjordregionen. Kartlegging av behov, utarbeiding og utprøving av ein driftsmodell

Vågsøy, Selje, Eid, Hornindal, Gloppen, Stryn, Helse Førde

500 000

Eid

Interkommunal teneste innan samfunnsmedisin i Nordfjord

Vågsøy, Selje, Eid, Hornindal, Gloppen, Stryn

300 000

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.