Hopp til innhold

Fannemel ser fram til å få ski under beina

Det vart femteplass på Anders Fannemel under dagens NM-renn i Byåsen. – No ser eg veldig fram til å pakke vekk sommarskia og vente på snøen, seier honndølen.

Anders Fannemel på veg ned trappa

HÅPAR: Anders Fannemel ser fram til å gyve laus på storbakken i Byåsen søndag. – Eg hoppar framleis med mykje fart i kroppen, og det lønner seg nok dess større bakken er, seier han.

Foto: Rune Fossum / NRK

Med hopp på 100,5 og 96 meter hadde honndølen lite å stille opp med mot suverene Daniel Tande.

– Han var i klasse for seg sjølv, men deretter vart det jamt. Alt i alt er eg eigentleg ganske nøgd, seier Anders Fannemel etter dagens femteplass.

Vil ha snø

Det er siste helga hopparane har på plast før verdscupsirkuset og sesongen for alvor rullar i gang under verdscupopninga på Lillehammer 22. november.

– Eg ser verkeleg fram til å begynne å hoppe under strokne vinterforhold. Det er noko heilt anna enn å hoppe på plast, seier han.

Og legg til at turen går vidare til Oberstdorf etter at landslagshopparane har gått inn for årets siste landing på plast i storbakken søndag.

Topp-ti plasseringar

Fannemel seier seg nøgd med eigne prestasjonar i Grand Prix gjennom sommaren. Individuelt har plasseringane variert frå 6.-plass i Einsiedeln til 38.-plass i Hinzenbach.

Legg ein til to 3.-plassar i lagkonkurransen, har han i fem av sju renn vore blant dei ti beste.

– Vi har hatt fokus på fysisk trening, og nesten ikkje på hoppinga. Med det i tankane har eg eigentleg hoppa greitt gjennom heile sommaren, seier han.

God førre sesong

– Ser ein på resultata frå i fjor sommar, så var det ikkje noko betre då. Når ein jobbar med å bli ein betre skihoppar, så må ein vere budd på nokre dårlege hopp også, held han fram.

Honndølen leverte varene førre sesong og vart beste nordmann i verdscupsamandraget med 4.-plass. Målsetninga blir den same i år, som i fjor:

– Eg håpar å vere topp ti i alle renn, og å kjempe om pallen og sigeren på dagar der ting fungerer, seier han.

VM i skiflyging

– Det er veldig vanskeleg å setje seg mål i skihopping. Det er 30 andre som hoppar veldig bra, og det er små marginar som skil om du blir blant dei 15 beste eller ikkje, held han fram.

– Det handlar om å ikkje leggje lista for høgt, og byrje å sparke i grusen og vere sur over ein 8. eller 11.-plass. Då blir sesongen lang og vanskeleg.

På spørsmål om høgdepunkta kommande sesong, er svaret enkelt:

– Skiflygings-VM i Kulm. Eg har ein 7. og 12.-plass, og har veldig lyst til å ta steget opp i vinter.