Hopp til innhold

Fannemel og Kokkonnen skuffa

Anders Fannemel er skuffa over eigen innsats i sesongopninga i skihopping i Vikersund.

Anders Fannemel

HÅPA PÅ PALLPLASS: Det gjekk ikkje heilt som Anders Fannemel hadde håpa på i dag. Her frå eit arrangement i Stryn med ein liten og mobil plasthoppbakke.

Foto: Hans Henrik Løken / NRK

Søndag vart det ein 15. plass i Norgescupen i Vikersund.

– Eg hadde håpa på ein pallplass i dag, seier ein skuffa Fannmel til NRK Sogn og Fjordane.

Akseli Kokkonen frå Stårheim vart hakket betre enn Fannemel i Norgescupen med ein 10. plass. Men heller ikkje han er fornøgd med eigen innsats.

Laurdag vart Anders Fannemel nummer 12 i elitehopprennet. Då var også dei seks frå elitetroppen med i rennet.