NRK Meny
Normal

Fann skadd mann langs vegen

Ein mann i 20-åra ligg på Førde sentralsjukehus etter at han natt til søndag vart funnen skadd i grøfta på Krokane i Flora.

Mannen vart oppdaga like før klokka 01 av tilfeldig forbipasserande. Mannen vart sett av på staden av ein bilførar, då det oppstod klammeri mellom to.

Bilføraren i 20-åra er førebels sikta for lekamskrenking.

– Det er gjennomført avhøyr av bilføraren, medan fornærma blir avhøyrd i dag, opplyser operasjonsleiar Trond Hatlenes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Siktinga kan bli endra

Den skadde mannen vart sendt til Førde sentralsjukehus for observasjon. Det er for operasjonssentralen førebels uvisst kva skade det er tale om, og kva den sikta i saka har forklart.

Saka er oppretta, men siktinga kan på bakgrunn av skadane bli endra til lekamsskading.

– Etterforskar må saman med jurist vurdere sakas karakter, seier Hatlenes.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen