Det blei satt i gong ei større leiteaksjon etter jenta, ifølgje Inge Værøy ved politiets oprasjonssentral.
Like før klokka ett vart jenta funnen i eit ulåst bolighus. Ho blei sendt til lege for ei undersøking.
Jenta blei meldt sakna av pårørande fredag kveld. Ho er syrisk flyktning, ifølgje politiet.
Fann sko ved sjøen
– Vi fekk melding i 18.30-tida i går då familien melde ho sakna. Ho var sist observert i 15-tida, opplyser operasjonsleiar ved Politidistrikt Vest Sogn og Fjordane, Olaug Holme.
Det vart funne nokre sko i nærleiken av sjøen, og det vart iverksett ein stor leiteaksjon.
Både luftambulanse, redningshelikopter, mannskap frå Norske Redningshundar, Røde Kors, Sivilforsvaret og brannvesen, samt politibåten frå Hordaland og ambulansebåten og politi. Fredag kveld vart det leita på land ved Dørhella i Askvoll.
– Det er mange som har vore i aksjon for å hjelpe til og leite etter jenta, seier Holme.
Håpar å få snakka med jenta i dag
Like før klokka 01 vart jenta funnen i eit ulåst bustadhus.
– Det var heller ingen til stades i huset. Jenta var i fin form, men vart teken med til lege for sjekk, seier Holme.
– Veit de noko om årsaka til at dette skjedde?
– Nei, det har vi ikkje noko informasjon om. Politiet håpar å få snakka med jenta i løpet av dagen, seier Holme.
Det skal ikkje vere mistanke om at noko kriminelt ligg bak.