Hopp til innhold

Fann nytt sauekadaver

Bjørnejegarane i Gaular fann onsdag kveld ytterlegare ein sau som er drepen av bjørn.

Jaktlaget klare for bjørnejakt i Sunnfjord.

Jaktlaget fann avføring frå bjørnen som skal sendast til analyse. Her er laget i ferd med å gjere seg klare til avreise onsdag.

Foto: Steinar Lote / NRK

I tillegg fann dei på eit høgdedrag ein stad der bjørnen tydeleg har rigga seg til og vore ei stund.

Les: Starta bjørnejakta i dag

Truleg forlot den plassen for ein fem-seks dagar sidan. Det vart også funnen avføring på staden,. Avføringa skal sendast til analyse.

Tydeleg nedtrakka

Funnet vart gjort i ved Hetlestølen i Gaular. Torsdag vil jegerane truleg jakte litt lengre vest, om dei ikkje finn ferske spor ein annan stad.

- Det var mose på staden som var tydeleg nedtrakka og tillaga, i tilleg var sauekadaveret litt nedgravd. Det var tydeleg at bjørnen hadde vore der ei stund, seier fellingsleiar Finn Olav Myren

- Har de tru på at dette er ein stad som bjørnen vil komme tilbake til?

- Neppe. Vi fann heller ikkje spor der frå dei siste dagane.

Vil granske møkka

Myren vil ikkje seie nøyaktig kvar det er, anna enn at funnet er i området Vetlestølen i Gaular. Det er Statens naturoppsyn som skal granske avføringa. Prøvene vil dermed kunne seie meir om kva slags bjørn det er snakk om.

Få timar etter at Fylkesmannen gav grønt lys for bjørnejakt i Sunnfjord var både jegrar og ein spesialtrena ettersøkshund på plass på Husetuft ved Holsen i Førde.

Spesialtrena hund

Klokka halv eitt onsdag gjekk det første jaktlaget til fjells for å leite etter bjørnen som har drepe fleire sauer i Sunnfjord.

Hunden er spesialtrena for å spore bjørn, og saman med tre jegrar var målet for dagens tur eit område der det er funne sauekadaver. To av medlemmene på jaktlaget har erfaring frå bjørnejakt tidlegare, medan den tredje er kjentmann.