Hopp til innhold

Fann narkotika ved rein tilfeldigheit

Politiet i Nordfjord har denne veka arrestert 10–12 personar for brot på narkotikalova.

Webjørn Moa

MANGE TIL AVHØYR: Lensmann i Webjørn Moa fortel at mange har vore til avhøyr denne veka.

Foto: NRK

– I den siste tida har vi i Nordfjord lagt merke til at bruk av narkotika har teke seg opp att. I samband med andre saker vi har hatt, så har det vist seg at det vi har antatt har vore rett, fortel lensmann Webjørn Moa.

Berre i går vart fire personar arresterte i samband med etterforskinga av ein bilbrann.

Bilbrann førte til narkobeslag

Ei Porsche vart onsdag meldt stolen frå Nordfjordeid sentrum og stod seinare i full fyr på Stårheim i Eid kommune.

– I samband med den saka vart det gjort avhøyr av ein som hadde vore passasjer. Han budde i ein nabokommune til Eid, og då eg skulle køyre han heim, kom det nokre kjenningar av politiet ut av huset han budde i, fortel Moa.

Den eine av dei innrømte bruk av amfetamin. Dei andre køyrde frå staden, men vart stoppa. Då fann politi amfetamin, utan at det var store mengder.

– Det var tilfeldig at vi fann det, men dette er eit miljø som vi har eit vakent auge mot, seier han.

Mange arresterte

Det er også gjort beslag av narkotika som lensmann Vebjørn Moa skildrar som store i lokal samanheng. Beslaget som er gjort er av amfetamin og ein del tablettar som har vore i omløp.

– Vi har hatt ein del folk inne til avhøyr i løpet av veka. Til saman har nok 10–12 personar vore inne.

Han ser ikkje bort frå at fleire kan bli arresterte. Lensmannen seier det både er kjenningar, men også nye brukarar blant dei arresterte.

– Amfetamin-beslaget denne veka er på rundt 70 gram, fortel Moa.

70 gram amfetamin svarar til 350 brukar-dosar. Det vert rekna rundt 200 milligram på ein brukardose.

I enkelte av sakene trur lensmannen det fort kan ende med fengselsstraff.

Ekstra vakthald under festival

I dag starta rockefestivalen Malakoff på Nordfjordeid. Sjølv om det aldri har vore noko stort narkoproblem under festivalen fortel Moa at dei fire politi på vakt, samt åtte ekstra.

– Så vi vert godt synlege. Forhåpentlegvis vert det ikkje store beslag under festivalen, og vi trur heller ikkje at dei beslaga vi har gjort no vert relatert opp mot Malakoff. Men vi vil vere litt føre var og har difor folk inne på festivalområdet. Så eg føler meg trygg på at det går bra, seier han.