Hopp til innhold

Fann narkotika for 150 000 kroner

Politiet har så langt pågripe seks personar og teke beslag i narkotika for kring 150 000 kroner i ei større narkotikasak i Florø.

Stasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjon

VEKS I OMFANG: Stasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjon seier dei er i ferd med å rulle opp ei større narkotikasak i kystbyen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Beslaget i slutten av september i år, vart skildra som stort samanlikna med det som er vanleg i Sogn og Fjordane. Ein mann i 30-åra vart pågripen og varetektsfengsla i fire veker i samband med saka.

Sidan har politiet pågripe og sikta ytterlegare fem personar i 20-30-årsalderen, og gjort nye narkotikabeslag.

– Personane er hovudsakleg heimehøyrande i Florø. Vi har også beslaglagt mindre mengd amfetamin og 220 gram hasj hos desse fem, seier stasjonssjef Robert Veseth ved Flora politistasjon.

Til analyse

Narkotikasaka byrja å rulle då mannen i 30-åra vart stogga under ein trafikkontroll i Florø. Med seg i bilen hadde mannen ein person politiet kjende att frå narkotikamiljøet i kystbyen. Politiet kom over narkotikaen under kroppsvisitering og undersøking av bilen.

Beslaget gjort hos hovudmistenkte er analysert og rekna til å vere 300 gram av det sentralstimulerande stoffet amfetamin, og 200 gram hasj. Kripos vurderer styrken på amfetaminen til mellom 28 og 29 prosent.

– Gjennom vidare etterforsking meiner vi å kunne knyte mannen til 350 gram amfetamin og 300 gram hasj, seier stasjonssjefen.

150 000 kroner

– I Florø-målestokk er dette eit ganske stort amfetaminbeslag, legg Veseth til. Han ynskjer ikkje å uttale seg om verken tal brukardosar eller gateverdi på beslaget.

Brukardosen for amfetamin avheng av bruksmåte og styrkegrad. Ifølgje tal politiet tidlegare har nytta, svarar til ein brukardose amfetamin 0,2 gram.

Amfetaminbeslaget i Florø kan såleis reknast til kring 1 500 brukardosar. Etter det NRK kjenner til kostar eitt gram amfetamin kring 500 kroner på gata, noko som gir ein samla verdi på kring 150 000 kroner for amfetaminen.

Forsynte Sunnfjord

All den tid saka ikkje er etterforska ferdig, er Veseth sparsam med opplysningar.

Stasjonssjefen ser ikkje vekk ifrå at fleire personar kan bli pågripne, og seier dei har ein mistanke om kvar mannen har fått narkotikaen frå.

– Men slik saka står no, så ynskjer eg ikkje å kommentere det vidare. Vi skal gå gjennom beslag som er gjort og avhøyr, og vurdere om det er meir vi må gjere før vi sender saka over til jurist for påtaleavgjerd, seier han.

Mannen, som ikkje er tidlegare straffa, sat fire veker varetektsfengsla etter pågripinga. Han hevdar narkotikaen i hovudsak var til eige bruk.