Hopp til innhold

Fann mann død ombord i båt

Ein mann i 70-åra vart onsdag føremiddag funnen omkomen om bord i ein båt ved Stabben vest for Florø.

– Vi fekk melding klokka 09.58 om at ein båt gjekk i ring ved området ved Stabben og Nekkøyosen. Vi sende ut ambulansebåt, brannvesen og politi, opplyser operasjonsleiar Per Rimmen til NRK.no.

Vitnet som meldte om båten greidde å komme seg inntil båten og fekk stoppa denne. Då oppdaga han også ein livlaus person om bord.

– Det gjekk litt tid før vi fekk lege på staden, men det vart sett i gang hjarte- og lungeredning med ein gong. Livet stod ikkje til å redde, seier Rimmen.

Den omkomne er ein mann i 70-åra. Politiet mistenkjer ikkje noko kriminelt i saka. Mannen skal ha vore åleine ombod i båten.