Politiet vil truleg jobbe vidare med undersøkinga i dag, seier lensmann Haavard Stensvand i Leikanger.
Mange vart evakuerte i går. (MMS-foto: Øyvind Slinde)
Evakuerte
Onsdag ettermiddag rykte politi og brannvesen ut til eit næringsbygg på Hermansverk fordi dei hadde fått inn ei melding om at gass hadde leke ut i nærleiken. Alle dei tilsette ved Statens vegvesen vart evakuerte ein halvtimes tid.
- Viktig å melde frå
Sjølv om politiet enno ikkje veit om det er snakk om ein gasslekkasje eller ikkje, understreker lensmannen at det er viktig at folk melder frå når dei har mistanke om noko slikt.