Hopp til innhold

Fann fleire hundre daude svarthå

Eit merkeleg syn dukka opp i fjøresteinane i Undredal i Aurland etter at ekstremvêret «Tor» hadde lagt seg.

Daud håfisk i Undredal

PÅ REKKE: Mengder av daud fisk er skylt i land i Undredal.

Foto: Leif Finden

– Dei låg på rekke og rad. Eg talde ikkje, men det var sikkert fleire hundre, fortel Leif Finden.

Eit nærast makabert syn møtte han i vasskanten av Aurlandsfjorden. Om lag halve strandlinja i den vesle sognebygda var kledt med daud fisk.

Leif Finden

UNDRAST: Leif Finden er nyfiken på kva som har tatt knekken på så store mengder djupvassfisk.

Foto: Pascale Baudonnel

– Korleis dette har skjedd, det er ei gåte. Eg har snakka med fleire. Dei har aldri opplevd noko slikt. Aldri sett at det har skjedd. Noko har ramma fisken, men kva, det er for meg heilt ubegripeleg.

Liten hai

Ifølgje den nasjonale databasen Geonorge er svarthå av svarthå ein liten hai i håkjerringfamilien. Den er utbreidd langs heile norskekysten, og lever på djup ned til 2000 meter. Normalt trivst den på mellom 100 og 1000 meters djupne. Håfisken blir sjeldan lenger enn 50 cm.

– Vi får dei av og til når vi set line eller garn på djupt vatn. Men dei hamnar på land, har eg aldri sett. Det er ikkje noko vakker fisk, men her lokalt har vi eit mykje finare namn på han, «haotaska», fortel Finden.

Daud håfisk i Sogn

KORTVAKSEN: Håfisken strekkjer seg sjeldan meir enn 50 cm i fullvaksen utgåve.

Foto: Leif Finden

Skulle gjerne visst årsaka

Finden håpar einkvan kan gi ei forklaring på kvifor så mange fisk enda sine dagar på stranda i Undredal.

– Det hadde vore artig å fått greie på årsaka. Nokre har antyda at det må vere «Tor» som skal vere skuldig, men eg kan ikkje skjønne at det skal ha vore noko sjøgang nede på djupet, seier han til NRK.

Også daud brisling

Daud håfisk i fjøra

I VASSKANTEN: Tett i tett ligg daud håfisk på stranda.

Foto: Leif Finden

Undredølen har snakka med bygdefolk som også hadde funne daud brisling i fjøresteinane.

– Dei hadde gitt til katten, og han lever enno. Men viss det er meir fisk som flyt daud i land, må det vere noko meir enn parasitt, trur hobbyfiskaren som ikkje er overbegeistra over den norske mini-haien håfisk.

– Dette er sånt som vi kallar for ufisk. Desse ville eg ikkje hatt i gryta mi, ler Leif Finden.

Det har ikkje lykkast NRK å få kontakt med Havforskingsinstituttet sin ekspert på svarthå måndag kveld.