Fann 90 bilvrak i Jølster
Ein grunneigar i Jølster risikerer 10.000 kroner i bot kvar veke. Under ei synfaring i sommar fann kommunen over 90 gamle bilar lagra på eit gardsbruk i Jølster. Det skriv Firda. Grunneigaren er no pålagd å rydde innan 24. november.