Klatrar omkom etter fall på fleire hundre meter

Mannen som i ettermiddag fall om lag 400 meter ned ein foss i Lærdal er stadfesta omkomen.

Leitemannskap Råsdal Lærdal

LEITEMANNSKAP: Mannskap frå Lærdal Røde Kors og fjellredningsgruppa i Hemsedal gjer seg klare til innsats i Råsdalen i Lærdal måndag kveld.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Bergingsmannskap klarte saman med klatrekameratane å lokalisere isklatraren som i ettermiddag fall ned ein foss i Råsdalen i Lærdal.

– Mannen er no stadfesta omkomen, opplyser operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Mannen vart lokalisert av ein kjentmann og bergingsmannskap inne ved fossefallet i elva Kjørligrovi, etter at klatrekameratane hadde påvist staden dei trudde han låg.

– Helsepersonell og bergingsmannskap tok seg inn og fekk henta ut den omkomne mannen, seier Værøy til NRK.no.

NRK sin reporter på staden får opplyst at mannen fall fleire hundre meter, og at klatrarar frå Hemsedal var dei som saman med mannskap frå Lærdal Røde Kors Hjelpekorps var dei som fekk henta han ut frå området.

Politiet veit førebels ikkje kva som kan vere årsaka til ulukka, og dei har ikkje nærare opplysningar om kva som som er grunnen til at klatraren falt ned.

Luftambulansar frå Førde og Ål, samt politi og mannskap frå Røde Kors blei sendt inn i området der klatraren fall ned.

– Vi fekk ei melding ca klokka 1740 om at det var ein isklatrar som hadde falle ned ein foss dei klatra i Lærdal kommune. Det var litt uavklara posisjon, men både luftambulanse og politipatrulje kom raskt til området. Røde Kors Hjelpekorps, samt klatregruppa frå Jostedalen vart også varsla raskt, opplyser Værøy.

Det var klatrekameratar som fekk varsla frå om ulukka, men dei var då oppe i den isdekte fossen.

Luftambulansen frå Førde henta røynde isklatrarar frå Hemsedal som skulle vere med i leite- og bergingsaksjonen.

Mannen var ein del av eit utanlandsk klatrelag som er på ferie i området. Fossane i Lærdalsdalen er populære reisemål for isklatrarar.

Kjørligrovi Lærdal

FJELLOMRÅDE: Kjørligrovi er ei sideelv til Nivla i Lærdalsdalen. Her var det isklatraren datt ned i ettermiddag.

Foto: maps.google.com