Knut Vebjørnsen som er leiar i Oikos Vest, som organiserer økobøndene på Vestlandet, tykkjer det er eit paradoks at på same tid som fleire vil ha økologiske produkt blir det færre bønder.
Dei seinare åra har det vore ein netto nedgang i talet på øko-bønder i Sogn og Fjordane. Tøffare tider for landbruket generelt gjer det ekstra tøft å drive økologisk. Fram til 2001 var trenden motsett - fleire og fleire ville prøve seg.
Tøffare krav
Men same året, i 2001, kom kravet om fast golv i fjøsen også for sauebønder. For økologiske sauebønder er dette ekstra dumt. For sjølv om dei får ekstra betalt for kjøtet sitt, utgjer det ikkje meir enn 20 kroner sauen, og når dei no må til å bygge om fjøsane og elles kjøpe inn halm eller sagmugg blir det fort veldig dyrt. Sagmugg er heller ikkje så eigna fordi det fører til dårlegare utnytting av gjødsla når den blir oppblanda med sauegjødsla.
Andre minusfaktorar for økobønder i vest er at her ikkje er mottak for økologisk mjølk. Elles så syner det seg at berre 7 prosent av det økologiske kjøtet som er produsert her kom ut i butikkane som økologisk - det vil seie at 93 prosent hamna i det store sluket.
22 færre på to år
I 2002 fekk vi 6 nye økobønder samstundes som 14 gav opp drifta. I 2003 kom det til 11 nye økobønder, medan 25 gav opp drifta. Det vil med andre ord seie at vi dei to siste åra har ein netto nedgang på 22.
Vebjørnsen seier dei no må rette skytset to vegar - mot Tine og kjøtsamvirket som satsar på Vestlandet, og mot Landbruksdepartementet og regelverket.