Hopp til innhold

Professor vil ha Dino og kollegene til å snakke meir norsk til gjestene

Dino Nobrega er ein av etterkvart svært mange utanlanske servitørar i Norge som brukar mest engelsk på jobb. No krev språkprofessor at krava til bruk av norsk i serveringsbransjen blir skjerpa.

Dino Nobrega

LÆRER NORSK: Dino Nobrega frå Madeira er ein av svært mange utanlandske servitørar i Norge. Han prøver å lære seg mest mogleg norsk.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Professor ved Universitetet i Oslo, Arne Torp, meiner at det bør vere slik at norske gjester på norske restaurantar bør kunne gjere seg forstått på morsmålet. Servitørane må kunne norsk, meiner Torp.

Arne Torp

KRITISK: Språkprofessor Arne Torp.

– Eg tykkjer det er beklageleg dersom folk som planlegg å vere her i lengre tid ikkje snakkar det språket som trass alt skal dominere her i landet. Det er sjølvsagt til ettertanke dersom det blir slik at ein må kunne engelsk for å få sørvis i Norge, seier Torp til NRK Kulturnytt.

Stor overgang for Dino

Dino Nobrega kom frå den portugisiske øya Madeira til Sogndal for vel eitt år sidan. No jobbar han som servitør og bartender på Quality Sogndal Hotell. For han var det ein stor språkleg overgang.

– I starten var det litt vanskar med språket. Men folk her i Norge snakkar svært godt engelsk, og dei prøver å hjelpe oss, så det fungerar godt. Eg forsøker sjølvsagt alltid å snakke litt norsk til gjestene. Sjefane våre forsøker å få oss til å snakke meir norsk, og det gjer vi så godt som vi kan, seier Nobrega.

– Forsøker å snakke norsk

På hotellet i Sogn er dei aller fleste servitørane utanlandske, slik også tilfellet er i resten av landet. Nobrega meiner det er svært viktig at sjølv om engelsk-kunnskapane er gode, så må ein prøve å lære seg norsk.

– Det er svært viktig at vi som kjem frå utlandet for å jobbe i norske restaurantar lærer å snakke norsk så fort som råd er. Vi forsøker å snakke norsk med gjestene, men eg har teke engelskkurs på reiselivsskulen før eg kom til Norge og det hjelper meg også godt, sler Dino fast.

Ser ikkje problemet

Reiselivsdirektør i bransjeorganisasjonen Virke, Hilde Charlotte Solheim, meiner at det er ein klar trend til at ein tilset folk i serveringsbransjen som ikkje snakkar norsk.

Reiselivsdirektør Hilde Charlotte Solheim i VIRKE

PROBLEMLAUST: Hilde Charlotte Solheim i Virke.

Foto: VIRKE

– Men eg trur ikkje dette er eit problem, for dersom gjesten ikkje var nøgd så ville ikkje dette skjedd. I den lange perioden med stram arbeidsmarknad vi har bak oss, så har serveringsnæringa vore nøydd til å gå til utlandet, påpeikar Solheim.

Færre og færre norske

I Sogndal ser hotellsjef Erlend Fardal Lunde at dei er heilt avhengige av utanlandsk arbeidskraft for å fylle opp vaktlistene på det store konferansehotellet.

– Slik situasjonen er no så er det det einaste alternativet ein har når det blir færre og færre her i landet som tek servitørfagleg utdanning. Då blir det og færre og færre lærlingar, og skal ein då ha faglært arbeidskraft så er ein nøydd til å sjå til andre land, sler han fast.

Erlend Fardal Lunde

GODT NØGD: Hotellsjef Erlend Fardal Lunde (t.h.) meiner at utanlandske servitørar skal lære norsk. Dei er heilt naudsynt arbeidskraft.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Alle skal ta norskopplæring

– Korleis reagerer gjestene på at dei ofte må snakke engelsk til servitørane?

– I starten hadde vi sjølve ein policy at vi skulle unngå å få utanlandske servitørar i hovudrestauranten på hotellet der det var mest av grupper som ikkje er så gode i engelsk. Det alternativet har vi gått vekk frå. Vi krev at alle skal ta norskopplæring, og vi har og visse krav til at dei skal ha noko engelskkunnskapar.

– Lærer seg menynorsk

Han meiner at dei han har tilsett er villige til å lære seg norsk raskt, sjølv om dette er eit språk som for dei fleste er svært framand.

– Dei lærer veldig fort den menyspråklege norsken, slik som takk for maten og alle slike fraser sit alt første dagen. Vi set og krav om at dei skal praktisere norsk når dei er på jobb.