NRK Meny

Færre ferjeuhell

I første halvår i år var det 20 uhell der skip eller ferjer køyrde på kaiar, bruer eller andre faste gjenstandar i Norge. Det var klart færre enn i første halvår i fjor, då talet var 35, syner ein statistikk frå Sjøfartsdirektoratet. Ferjer som køyrer på kaiar utgjer storparten av slike uhell. Talet på kollisjonar mellom fartøy gjekk ned frå 19 til 12.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.