Hopp til innhold

Færre får BT og Sunnmørsposten på laurdag

Frå førstkomande laurdag kjem fleire som abonnerer på Sunnmørsposten og Bergens Tidende til å oppleve at dei ikkje får laurdagsavisa si som vanleg.

Øyulf Hjertenes og Hanna Relling Berg

PROBLEM MED LAURDAGSAVISER: Øyulf Hjertenes er ansvarleg redaktør i Bergens Tidende, Hanna Relling Berg er ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden og Stig Vågenes / NRK

– Det gjeld dei av kundane våre som får avisa i postboks og ikkje postkasse, og då snakkar vi først og fremst om bedriftskundar. Når det gjeld dei som får avisa i postkassen på heimeadressa si, så har vi fått til ein avtale som gjer at vi kan levere avis også på laurdagane, seier ansvarleg redaktør Øyulf Hjertenes i Bergens Tidende.

For Bergens Tidende sin del er det 500 kundar i Hordaland og Sogn og Fjordane som vert råka av omlegginga.

Det som skapar krøll for Bergens Tidende og Sunnmørsposten er den nye postlova som gjer at Posten ikkje lenger skal levere ut post og aviser på laurdag. Firmaet som fekk anbodet på avisombering på laurdagar kan ikkje levere til postboksar, sidan det berre er posten som har tilgang til desse.

– Dette kan løysast ved at du endrar leveringsadresse, slik at eitt av boda vore kan levere avisa til ein postkasse i nærleiken av der du bur. Ta kontakt med kundeservice, så vil dei hjelpe deg med å finne ei god løysing, skriv ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten Hanna Relling Berg i ei pressemelding.

For dei som ikkje har andre moglegheiter enn postboksen, kjem laurdagsavisa i framtida til å kome på måndagar.

.