Hopp til innhold

Færre enn håpa gjekk til topps her

– Det dårlege vêret har nok skremt vekk deltakarane, seier Anders Fortun som er løpsleiar for Fanaråken Opp.

fanaråken

TRASSA VÊRET: Joel Dyrhovden frå Samnanger var raskaste mann til topps under Fanaråken Opp i helga med tida 1:00:50.

Foto: Kåre Steinar Skagen

Løpsleiaren hadde håpa at eit nytt sykkeltilbod skulle føre til rekordpåmelding, men slik gjekk det ikkje. I år kunne nemleg mosjonistane sykle fire kilometer innover i det ni kilometer lange motbakkeløpet som går frå Turtagrø til Fanaråkhytta.

– Det var svært få som valte å nytte seg av det nye sykkeltilbodet. Håpet var at dette skulle få fleire trimmarar med, men det gjekk ikkje som planlagt.

Totalt var det 280 deltakarar under under motbakkeløpet i helga. 87 var påmelde i aktiv klasse, 157 stilte i tilsvarande klasse i fjor.

– Elendige meldingar

Fortun seier elendig vêrmelding har gjort at påmeldinga i år har vore lågare enn tidlegare år.

– Dessutan har det vore minst seks andre motbakkeløp denne helga. Det har nok påverka litt.

Løpsleiaren er likevel nøgd etter endt løp.

– Det har alt i alt gått veldig bra. Det har ikkje regna så mykje som det var meldt heller.

Ingen rekordar

I år blei det ikkje teke nye rekordar, verken i dame- eller herreklassen. Ståande rekord blant damene, har Anita H. Evertsen med den imponerande tida 01:08:45 i 2012.

Mannen som har kome seg raskast til topps er Johan Bugge med tida 56:46 i 2015.

I år var beste kvinne opp amerikanske Annie Bersagel med tida 1:09:34.

Den raskasta mannen opp i helga var Joel Dyrhovden frå Samnanger med tida 1:00:50.

Først opp av kvinnene:

1. Annie Bersagel, IK Tjalve/Under Armour, 1:09:34

2. Merete Helgheim, Gloppen Friidrettslag, 1:16:56

3. Reese Bendiksen, Aafik, 1:21:20

Først opp av mennene:

1. Joel Dyrhovden, Samnanger IL/Team Dyrhovden 1:00:50

2. Per Kristian Lysaker Torgersrud, NOTEAM, 1:01:55

3. Sindre Hoff, Team LaSportiva, 1:03:11

Sjå heile resultatlista her.