Lars Sponheim. Arkivfoto Morten Holm/Scanpix
Og han hadde ein klar beskjed til Sogn og Fjordane: - Det blir færre mjølkebønder, og bruka blir større.
- Årsaka finn vi her heime
Og ifølgje Sponheim er dette opplagt og må vere slik - ikkje fordi vi må forhalde oss til EU og WTO eller andre ytre fiendar. Nei, årsaka finn vi her heime på berget. Så framtidsutsikta er at det skal vere nokre få storbønder ein del plassar her i fylket også i framtida, gjerne organiserte i samdrift. Bygda blir kalla agrobusiness-bygda.
Sponheim glad i anti-jantebygda
Det er Rogalandforsking som snakkar om ei anti-jantebygd der alle unner kvarandre suksess og støttar kvarandre i motgang. Anti-jantebygda ligg Sponheim sitt hjarte nær, men har sitt motstykke i motvindbygda, bygda som ligg på sotteseng.
Opp til dei som bur i bygda
Om bygdene våre skal greie å likne den positive anti-jante- eller opplevingsbygda eller bli ei bygd på sotteseng avheng av det som skjer hos dei som bur i bygda, seier Sponheim.
Unge er samde med Sponheim
Ola Tarjei Kroken er ein ung mann som satsar på Eurofoto på Sandane og han er samd. Han representerer ein generasjon unge som har tru på framtida i Sogn og Fjordane.