Hopp til innhold

Få moglegheiter for tungtransport til og frå Vestlandet

Stengingar på Haukelifjell, E39 og E16 skapar store vanskar for tungtrafikken som skal til og frå Aust- og Vestlandet i natt.

Riksveg 7 over Hardangervidda

OPE: Riksveg 7 over Hardangervidda er einaste opne alternativ for tungtrafikken mellom Austlandet og Vestlandet i natt.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

I realiteten er riksveg 7 over Hardangervidda einaste opne alternativ om ein skal frå Austlandet til Bergen. Men her må ein passe på å køyre E16 mellom Voss og Bergen på grunn av vegarbeid på fylkesveg 7 frå Norheimsund og vestover.

Til Sogn og Fjordane kjem ein seg framleis over både Hemsedalsfjellet og Strynefjellet.

– Det vart mykje stengingar på ein gang, men tungbilsjåførane må berre følgje med på kva som er ope og planlegge turen ut frå det, seier Marius Råve ved Vegtrafikksentralen i Bergen.

Stengt på E39

I Sogn og Fjordane blir E39 stengt for køyretøy over 7,5 tonn ved Bruland frå klokka 2340. Stenginga er varsla å vare i fleire timar utover natta. Her føregår det arbeid med ei stikkrenne som held på å kollapse.

For mindre bilar det styrt trafikkavvikling.

– Personbilar får passere på ein mellombels veg, opplyser Statens vegvesen.

Stengingar på E16

Lenger sør i fylket blir E16 stengd på fleire stadar. Dette på grunn av arbeid i Gudvangentunnelen, Fretheimtunnelen og Lærdalstunnelen. Det byrjar med stenging frå klokka 23 til 02 i Fretheimstunnelen.

– Her er arbeidet koordinert. Det var det same i går, og då gjekk trafikkavviklinga veldig fint, opplyser Råve.

Stengt over Haukeli

Heller ikkje E134 er noko godt alternativ for tungtransporten. Her blir det stengt for køyretøy over 3,5 tonn store delar av natta. Årsaka er at Røldalstunnelen skal sprøytast med betong.

Arbeidet startar klokka 21, og det gjennomkøyringa klokka 0040 er den einaste i natt for store køyretøy. Då vil trafikken frå vest sleppe først igjennom, og deretter trafikken frå aust.

Personbilar får komme igjennom med følgjebil.

– Alle desse arbeida gjer at det er få moglegheiter for tungtransport å komme til og frå Vestlandet i natt, opplyser Statens vegvesen.

I tillegg til riksveg 7 over Hardangervidda, er også riksveg 13 over Vikafjellet ope. Dette vil likevel ikkje vere noko godt alternativ, då det ikkje går ferje over Sognefjorden på natta.