NRK Meny
Normal

Få ledige flysete i Sogndal

Det er store kapasitetsproblem ved Sogndal lufthamn. For dei som skal reise med fly frå Sogn er det no svært vanskeleg å få plass.

Widerøe
Foto: NRK

- Passasjerane kjem som aldri før, og det er generelt vanskeleg å tilby plassar til Oslo på kort varsel. Som regel må ein bestille ei veke før, for i det heile å få plass, seier lufthamnsjef Rasmus Mo.

Opp 27 prosent

Passasjerauken har dei merka òg ved dei andre flyplassane i fylket. Men det er i Sogndal den har gjort tydlegast utslag. I mars var det til dømes ein auke i reisande på 27 prosent samanlikna med same månad i fjor. Mo seier stabile verforhold er ei medverkande årsak til auken, men trur passasjertala uansett vil halde seg stabile.

- Fly blir meir og meir viktig for folk å nytte, seier Mo, og dreg fram Mesta som eit døme på ei bedrift som genererer mykje flypassasjerar i Sogndal.

Utvidar

På Sogndal Lufthamn har dei starta arbeidet med å utvide terminalbygget på grunn av liten plass. Dei er òg i dialog med Widerøe om korleis dei skal få plass til alle som ønskjer å reise med fly.

- Vi er invitert av Widerøe til å diskutere slike utfordringar, og vi har ein god dialog der vi utvekslar tal og erfaringar, seier Mo.