Hopp til innhold

Ex-dansar skal «rette opp» Sogndal-spelarar

Suzanne Scott er britisk og tidlegare dansar. No skal ho hjelpe Sogndal Fotball for å unngå at spelarane blir skeive i hoftene. På den måten skal dei unngå skade og lære å springe meir effektivt.

Knut Øystein Ripe og Suzanne Scott

FØLGJER SPELARANE: Fysisk trenar Knut Øystein Ripe og Suzanne Scott ser på korleis Sogndal-spelarane spring.

Foto: Sandra Hjønnevåg / Sogndal Fotball

Denne veka er ho med Sogndal Fotball på treningsleiren på Maspalomas på Gran Canaria. Ho analyserer kvar einskild spelar i samarbeid med fysisk trenar Knut Øystein Ripe og gir dei øvingar som skal motverke belastningsskade, særleg i hoftene.

Ripe seier at det er ein fordel at Suzanne Scott er tidlegare dansar.

– Absolutt. Ho har sett på korleis dansarar og fotballspelarar skal aktivere musklane i sete- og hoftepartiet for å unngå belastningsskadar. Ho har sett at det er meir likskap mellom dei to aktivitetane enn ein har trudd tidlegare.

– Ivrige og profesjonelle

Sogndal fekk kontakt med henne i fjor, og har no engasjert henne. Ho har tidlegare vore innom klubbar i Premier League i 12 år som «movement coach»

Suzanne Scott seier til heimesida til Sogndal Fotball at ho er imponert over viljen blant spelarane til å gjere det vesle ekstra for å bli endå betre.

– Dei er veldig ivrige og profesjonelle.

Ho møtte spelarane første gongen i Sogndal i januar og har planar om å ta turen dit att om ein god månad.

Knut Øystein Ripe og Suzanne Scott

VIDEOOPPTAK: Knut Øystein Ripe og Suzanne Scott brukar video i arbeidet når dei skal analysere kvar einskild spelar.

Foto: Sandra Hjønnevåg / Sogndal Fotball

– Bøy i hofta

Knut Øystein Ripe seier det som går att blant fotballspelarar er at setet blir for lite aktivert.

– Dei er gjerne litt stramme i muskulaturen på framsida, i hofteleddsbøyarane, i lyske og lår. På lengre sikt kan det føre til skadar i hoftene.

No gir Suzanne dei øvingar som aktiverer setemuskulaturen.

– Vi ser at mange fotballspelarar har ein liten bøy i hofta. Det er eit teikn på at dei ikkje har fått aktivert all muskulaturen, og då får dei lett ei feilbelastning, anten framme eller bak, eller på ei av sidene. Det kan føre til skadeavbrekk.

I tillegg til færre skadar håpar Sogndal Fotball at øvingane til den tidlegare dansaren skal ha effekt på prestasjonane i kamp. seier Ripe.

– Vi håpar at vi får endra rørslene, slik at dei blir meir optimale.