Hopp til innhold

Ettersøksringane har vanskeleg jobb

– Bilistar som køyrer på og skadar hjort må bli flinkare til å merke kvar hjorten har sprunge til skogs, seier Per Kapstad i ettersøksringen i Gaular.

Hjort

MANGE PÅKØYRSLAR: Nesten kvar dag vert ein hjort skadd etter samanstøyt med bil.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Oppmodinga kjem etter fleire påkøyrslar der bilistane ikkje har teke jobben med å merke av staden.

Noko som gjer oppgåva til ettersøksringane svært mykje vanskelegare.

– Har ikkje vi eit spor å gå etter er det ein ganske så håplaus jobb for oss å gjere eit skikkeleg ettersøk, seier Kapstad.

Viktig arbeid

Berre den siste veka har politiet fått melding om 13 samanstøytar mellom hjort og bil i Sogn og Fjordane.

Talet er truleg større, då ikkje alle melder frå til politiet eller tek direkte kontakt med ettersøksringane.

Kapstad oppmodar no alle som køyrer på ein hjort til å merke av kvar hjorten sist vart sett.

– Får hunden rett spor å gå etter kan vi leite oss fram til den hjorten som vart påkøyrd, seier ettersøksleiaren.

Set trena hundar på sporet

Ettersøksringane rykker ut når det får varsel frå bilistar eller politi om hjortepåkøyrsel.

Ved hjelp av godt trena hundar forsøker dei å spore opp den påkøyrde dyret for å sjå til at det ikkje er skadd og går med smerter.

– Dersom ikkje bilisten merkar av sporet må vi leite etter rett spor etter rett hjort på ei strekning på femti til hundre meter.

– Det gjer jobben nesten komplett umogleg, sier Kapstad.

– Er det eit stort problem?

– Ja, berre dei siste dagane har det vore tre på påkøyrslar i Gaular. Ingen av bilistane har då gjort jobben med å merke av kvar hjorten gjekk til skogs.

Han meiner det aller beste er at bilistane ventar på at ettersøksringen kjem.

Ofte har ikkje bilistane tid til å vente på ettersøksringen, men då bør ein merke staden tydeleg, men ein plastpose eller flaske, slik at vi kan sette hunden på riktig spor, seier Kapstad.