Politiadvokat Sissel Kleiven. (Foto: NRK)
Politiadvokat Sissel Kleiven seier til NRK Sogn og Fjordane at dei to gutane har meldt seg etter at politiet gjekk ut med ei etterlysing torsdag. Dei to gutane vart sett på Hornessvegen ved ballbana på Haugum mellom klokka sju og åtte om morgonen sundag 6. juni. Det var i dette tidsrommet Anne Slåtten vart drepen nokre kilometer unna på andre sida av Førde sentrum.
Vil kartleggje
Lensmann Kjell Fonn sa torsdag at dei etterlyste dei to gutane som vitne for å kartleggje aktiviteten i Førde drapsmorgonen 6. juni. Fonn avviser at det er noko med oppførselen deira som gjer at dei vart etterlyste som vitne.
Politiet vil ikkje opplyse noko om kva som har kome ut av kontakten med dei to gutane. Politiet held sin daglege pressekonferanse klokka 16 fredag.