Hopp til innhold

Bondelagsleiar etterlyser regjeringa sin landbrukspolitikk

– Eg er skuffa over at landbruk ikkje er nemnt, men eg håpar at det likevel kjem fram i det arbeidet regjeringa no skal legge ned, seier fylkesleiar i Bodnelaget, Per Hilleren.

Per Hilleren

KREAV AT HØGRE TEK ANSVAR: Fylkesleiar i Bondelaget, Per Hilleren, sakna landbruk i regjeringserklæring, og forventar at Høgre tek ansvar for landbrukspolitikken.

Foto: Steinar Lote / NRK

I går la statsminister Erna Solberg fram regjeringserklæringa, og Sp-leiar Liv Signe Navarsete var tidleg ute med å kritisere ho for ikkje å nemne landbruk- og distriktspolitikk.

– Det var ikkje så mykje nytt. Og det er igjen verdt å merke seg kva ho snakka lite om. Landbruk, fiskeri og matproduksjon var totalt fråverande, distriktspolitikken var fråverande. Og det seier jo litt om prioriteringane til regjeringa, sa Navarsete til NRK rett etter at erklæringa var lagt fram.

Forventar at Høgre tek ansvar

Hilleren set no sin lit til at Høgre tek ansvar for landbrukspolitikken.

– Høgre har sagt at dei er eit næringsparti, som tek næringslivet alvorleg. Landbruk er ein betydeleg del av norsk næringsliv, så eg forventar at Høgre tek ansvar, seier han.

Landbruksminister Sylvi Listhaug frå Frp har i løpet av sine første dagar i ministerstolen fått mykje kritikk, mellom anna for at ho tidlegare har kalla landbrukssektoren for «kommunisme på norsk».

Hilleren er avventande til kritikken.

– Eg vil vente og sjå kva ho står for, ho må få ein sjanse til å bevise kva ho kan og vil.

Vil gjere ting annleis, men ansvarleg

Det meiner også stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel, er det rett å gjere.

Bjørn Lødemel

BLIR FORSVARLEG POLITIKK: Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn lødemel, forsikrar at landbrukspolitikken blir godt ivareteken.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Eg trur ho vil klare å gjere ein god jobb. Ein del av kritikken ho har fått før ho har kome seg ned i stolen er rett og slett dårleg gjort. Folk må få vise kva dei kan gjere før dei kan dømmast. Ho har vorte dårleg behandla, seier Lødemel.

Han er også klar på at regjeringspartia vil føre ein ansvarleg landbrukspolitikk.

– Saman med Framstegspartiet og dei to andre partia i avtalen, Venstre og Kristeleg Folkeparti, er eg heilt sikker på at vi kjem til å finne ein god balanse, og føre ein god og ansvarleg landbrukspolitikk. Men, vi ynskjer å gjere ting annleis, og det var vi klare på i valkampen. Vi vil føre ein anna politikk på alle område, men det blir ansvarleg, understrekar Lødemel.

Lødemel meiner også at opposisjonen tek feil når dei skuldar statsministeren for ikkje å nemne landbruk og distrikt i erklæringa.

– Eg tykte at begge deler vart nemnt, i alle fall dei emna som begge områda høyrer til. Eg kjenner den politiske plattforma, og eg er sikker på at det blir god politikk for distrikta og heile landet. Så eg er ikkje uroa i det heile.