Hopp til innhold

Etterlyser bilar etter innbrotsraid

Politiet etterlyser to bilar etter at det natt til måndag var innbrot fleire stader i Luster. Politiet har førebels ikkje oversikt over kor store verdiar som kan vere vekke.

Lensmann i Luster, Asle Karoliussen, seier dei ikkje utelukkar at det kan vere same gjerningsmenn som står bak alle innbrota.

Ved Dale skule og Fortun skule er to berbare datamaskiner og pengeskrin stolne.

Det er og gjort innbrot i butikken i Solvorn, i eit bustadhus og fleire naust. Under eit innbrot i bustadhuset vart det også stole ein personbil. Bilen er ein Volkswagen passat 1987-modell og den har ein mørk farge.

Vil ha tips

Politiet ynskjer tips om to bilar som er observert i samband med dei mange innbrota i Luster natt til i dag.

Ein lys kassebil med utanlandsk registreringsnummer, og ein raud Toyota Selika vart observert i Luster i tre-tida i natt.

- Har nokon tips om desse bilane må dei ta kontakt med politiet, seier lensmann i Luster, Asle Karoliussen.