Etterforskar valdtekt i Flora

Ei kvinne i 20-åra skal ha blitt valdteken i eit privat husvære i Florø natt til laurdag, skriv firdaposten.no. Stasjonssjef Robert Veseth ved Florø politistasjon seier dei har sikra tekniske spor og gjort avhøyr. – Både offer og den som er sikta for overgrepet er i 20-åra. Dei kjende kvarandre i forkant av hendinga, seier Veseth. Politiet skal ha vitne i saka.