NRK Meny
Normal

Etterforskar mogleg valdtekt i Førde sentrum

Politiet i Førde har arrestert og sikta ein mann i 30-åra for valdtekt av ei jente i tenåra.

Politiet i Førde har arrestert og sikta ein mann i 30-åra for valdtekt av ei jente i tenåra.

SIKRA SPOR: Kriminalteknikarar jobba i dag på det politiet trur er åstaden for valdtekta. (Video: Steinar Lote/NRK)

Både offeret og den sikta er norske statsborgarar, men den sikta har afrikansk opphav. Valdtekta skal ha skjedd førre måndag. Politiet fekk meldinga natt til søndag, nesten ei veke etter at hendinga skal ha skjedd, og seier det enno er tidleg i etterforskinga.

– No jobbar politiet med å sikre åstaden i Førde i området KorsavegenHornnesvegen. Vi ønskjer å kome i kontakt med vitne som kan ha observert noko i det området førre måndag mellom klokka åtte og ti på kvelden, seier politijurist Jørn Lasse Refsnes.

Valdtekt i Førde

ETTERFORSKAR VALDTEKT: Politiet i Førde har sperra av eit område i Førde sentrum.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Refsnes vil ikkje seie meir om kva som har skjedd, anna enn at dei har fått melding om ei valdtekt.

– Det er såpass tidleg i etterforskinga at vi må vente med å gå ut med fleire detaljar om kva som har skjedd, seier han.

Advokat Ilham Hassan

FORSVARAR: Advokat Ilham Hassan, den sikta sin forsvarar, seier det ikkje er avklart korleis klienten hennar stiller seg til siktinga.

Foto: Pressebilete / Advokatfirmaet Hestenes Dramer

Politioverbetjent Linda Åmelfot seier dei ikkje veit om offer og sikta kjente kvarandre. Ho vil ikkje seie noko om dei har funne spor som tyder på at det har skjedd ei valdtekt.

– Det er slike ting som etterforskinga vil kartleggje, seier ho.

Ilham Hassan er nemnd opp som forsvarar for den sikta.

– Eg har fått snakka med han, men har ikkje fått avklart korleis han stiller seg til siktinga, seier ho.

Politiet i Førde har arrestert og sikta ein mann i 30-åra for ei mogleg valdtekt av ei jente i tenåra.

SPERRA AV OMRÅDE: Fleire politifolk var i dag involvert i arbeidet med å kartleggje det dei trur er åstaden. (Video: Oddleif Løset)

Laster kart, vennligst vent...
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.