Hopp til innhold

Etterforskar millionsvinn

Politiet etterforskar svinn på nærare ein million kroner frå varelageret til Nundal Detail AS, som vart slått konkurs 3. februar. Selskapet eigde Expert-butikkane i Årdal og Sogndal. Aksjeeigar Odd Børge Nundal stadfestar overfor Sogn Avis at dei i fjor melde ifrå til politiet om eit uforklarleg stort varesvinn frå selskapet. Saka er framleis under etterforsking, seier politiadvokat Magnus Eng Juel ved Sogn og Fjordane politidistrikt.