Etter 25 års teneste på Sardinia i Italia, er HSD sitt flaggskip «Hardingen» tilbake i norsk farvatn.
– Dette er kanskje den mest ikoniske ferja i Norge. Det har vore vanskeleg å ta inn over seg at den skulle ende sine dagar i Italia, seier Flåten.
Får glade telefonar
Den 50 år gamle ferja var flaggskipet til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) og trafikkerte på fleire ruter i Hordaland før den i 1992 fekk ny adresse.
I vinter blei den henta heim slik at den på ny kan segle under norsk flagg, og no er det turistane den gamle ferja skal frakte på Nærøyfjorden.
Flåten fortel at han har fått mange telefonar frå folk som set pris på at «Hardingen» er tilbake i teneste i ein vestlandsfjord.
– Mange har ringt å takka. Det er ingen tvil om at ferja vekkjer kjensler hos folk.
Ein av entusiastane er Viggo Nonås.
– Dette er stort. At vi kan drive rutetrafikk med to HSD-fartøy som møter kvarandre midtfjord er stort.
Då ferja sist var i Norge gjekk den transportetappe. No er det turistar som får nyte godt av det gamle skipet.
Same kaptein
Mannskapet på båten er pensjonistar. Dei har god erfaring, og betre tid. Dessutan kjenner dei turisttrafikken, seier Flåten.
Bak roret står Ingolf Holme, same mann som var kaptein for 25 år sidan.
– Det er ikkje mykje skilnad på ho. Båten er nydeleg. Vi hadde ikkje rekna med å få ho tilbake.
– Ho er gamal, men ho er i god stand. Ho har nok mange år framfor seg på Sognefjorden, seier Flåten.