Hopp til innhold

Erstatning til E.coli-offer

Gilde betaler ut mellom 20.000 og 175.000 kroner i erstatning til familiane som vart smitta av E.coli bakterien.

18 personar vart smitta av den hissige bakterien, og eitt barn døydde. Her i fylket vart eitt barn alvorleg sjuk av smitten.

Konsernsjef Axel Krogvig i Gilde seier at han forstår at pengar ikkje kan kompensere kva borna og familiane deira har vore gjennom, men at bidraget likevel kan fungere som ei handsrekning i ei vanskeleg tid.