Hopp til innhold

Eras-utslepp får ikkje følgjer

Det er ikkje påvist for høge kvikksølvverdiar etter det store utsleppet frå Eras Metal i Høyanger.

Video nsps_upload_2009_3_9_17_30_56_85.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Det viser ein rapport frå Norsk Institutt for Luftforskning (NILU).

I februar vart all aktivitet ved Eras Metal stogga opp etter at det vart kjent at verksemda hadde sleppt ut store mengder kvikksølv .

- Ikkje fare for helsa

Folk i Høyanger er redde etter at Eras metall har sleppt ut opp mot 55 klio kvikksølv i lufta.
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Opplysningane vart lagt fram under folkemøte i kinosalen i Høyanger måndag kveld.

På grunnlag av dette seier Per Schwarze, som er Avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet, at utsleppet ikkje får helsemessige følgjer for innbyggjarane i Høyanger.

- Men det betyr ikkje at vi er nøgde med utsleppa, seier Schwarze.

Erast viste forståing

Ein stad mellom 200 og 250 personar har møtt til møtet. Det måtte settast inn ekstra stolar for at alle skulle få plass.

Representantar frå Eras Metal viste forståing for at tilliten hjå sambygdingane er tynnslite etter utsleppet, men vonar å kunne bygge opp att denne tilliten dersom dei får kome i gang att som planlagt 6. april. Miljøvernleiaren i kommunen vil i framtida få jamleg tilgang til rapportane til verskemda.