Hopp til innhold

Er glad trafikkulukka ikkje enda i tragedie

– Vi hadde flaks. Det er mange tilfeldigheiter som gjorde at dette ikkje gjekk verre, fortel Kenneth Tefre (31) om ulukka der to personar vart alvorleg skadde første nyttårsdag.

Trafikkulykke E16 Stalheim

TOK FYR: Bilen til Kenneth Tefre og familien byrja å brenne etter samanstøyten.

Foto: Arne Hofseth

Tobornsfaren frå Jølster er takksam for at trafikkulukka ved Stalheim på Voss ikkje kravde menneskeliv.

Og takksam for all støtte både under og etter ulukka. I dag publiserte Kenneth Tefre ei stor takk på Facebook.

– Frå menneska som utan tvil eller spørsmål hjalp oss under sjølve ulukka, til alle som stiller opp no i ettertid og gjev oss den støtta og hjelp vi måtte trenge, skriv han

To alvorleg skadde

Familien var på veg frå Vassenden til mormor på Voss for å feire toårsdagen til minstejenta då ulukka skjedde. Ved Stalheim hotell mista dei kontroll på bilen og krasja med ein møtande bil .

Politiet etterforskar rutinemessig ulukka, som er nok eit døme på kor fort ei ulukke kan skje. Og kor viktig det er med rask hjelp. For andre reisande stogga opp og fekk hjelpt familien ut av bilen som byrja å brenne etter samanstøyten. Sjølv fekk ikkje Tefre opna bildøra.

– Det første eg tenkte var å få ut ungane og kona. Heldigvis kom det folk raskt til staden og hjelpte oss ut. Dei hadde også brannsløkkingsapparat og fekk sløkt brannen, seier han.

Tryggleiksutstyr

Tefre er glad for at familien har vore bevisste på kva tryggleiksutstyr dei skulle ha til borna sine og at dei sjølve brukte sikkertheitsbelte.

Minstejenta var sikra i eit eit bakovervendt BeSafe X3. Eldstejenta sitt sete var anbefalt av NAF. Tefre kjenner seg trygg på at akkuratt det hindra alvorlegare skade på borna.

– Eg er overtydd om at dei gode barneseta er ein viktig del av at ungane slapp frå utan ulukka utan større fysiske skader, seier han og legg til at ulukka også viser kor viktig rask tilgang til eit brannsløkkingsapparat kan vere.

Alvorleg skadde

To personar ligg framleis alvorleg skadde på Haukeland. Ei 68 år gamal kvinne i den møtande bilen, og Tefre si 29 år gamle kone.

Han sjølv, borna på fem og eitt år, og ein 66 år gamal mann i den møtande bilen, vart lettare skadde. Både Tefre og borna vart utskrivne laurdag.

– Tankane mine går også til dei som sat i den møtende bilen og deira pårørande. Eg håpar at alt går bra med alle involverte, seier han.

Bilen byrja å brenne

Tefre skildrar vegbana som «klink is» på ulukkesstaden. Vegbana vart salta etter ulukka. Etter samanstøyten fekk Tefre ta seg av ungane i ein varm bil, medan dei andre involverte fekk legehjelp på staden.

Dagane etter ulukka har vore prega av vanskelege tankar og kjensler. Både med tanke på eigen familie, men også dei to i bilen dei krasja med.

– Eg set att med ei kjensle av lette og glede for at vi fire framleis har kvarandre. Det er lett å byrje å tenkje på kor uendeleg mykje verre det kunne ha gått, seier han.