Hopp til innhold

Er dette Storen på 93 kilometers avstand?

Er det berre frå Årdalsfjorden du kan sjå Store Skagastølstind frå havnivå? Nei, meiner Sondre Kvambekk.

Jotunheim-topp frå Eikeneset

STOREN FRÅ FJORDEN? Utsyn frå Eikeneset i Vik kommune mot Jotunheimen.

Foto: Sondre Kvambekk

– Vi kan sjå Storen langs stranda på Eikeneset i Vik kommune, seier Kvambekk.

Han la merke til artikkelen her på nrk.no om Jonny Asperheim, som hadde teke bilete av det tredje høgste fjellet i landet, Store Skagastølstind (2405 m.o.h.), frå Årdalsfjorden.

Jonny Asperheim meiner at eit lite område rett utanfor Årdalstangen truleg er den einaste staden der ein kan sjå Store Skagastølstind frå havnivå. Sondre Kvambekk meiner det finst ein stad til.

– Litt detektivarbeid

– Eg har drive litt detektivarbeid, mellom anna på Google Earth, og funne ut at vi faktisk kan sjå toppen frå Eikeneset i Vik kommune, 93 kilometer i luftlinje frå Storen.

Sondre Kvambekk

GLAD I FJELLET: Sondre Kvambekk på ein av sine mange fjellturar.

Foto: privat

Kvambekk, som studerer i Sogndal, har vore fleire turar på Store Skagastølstind.

– Då eg stod på toppen i sommar la eg merke til at det blinka i sjø langt ute, og eg såg Åkrevikfjellet på vestsida av Finnafjorden. Og då eg las artikkelen om Jonny Asperheim slo det meg at eg skulle finne ut om det var fleire stader enn Årdalsfjorden der du kan sjå Storen frå havnivå.

Utsyn frå Store Skagastølstind mot vest

UTSYN FRÅ STOREN: På dette biletet frå toppen av Store Skagastølstind ser ein mot Åkrevikfjellet langt ute i vest. Vi ser Store Austanbotntind om lag midt i biletet.

Foto: Sondre Kvambekk

Som sagt, så gjort. I går køyrde han frå Sogndal til Arnafjorden, sette seg i kajakken og padla dei sju kilometrane ut til Eikeneset, som ligg ved utløpet av Finnafjorden, på vestsida av fjorden. Derifrå kunne han sjå ein topp i Vest-Jotunheimen.

– Langs land er det ein om lag hundre meter lang strekning der du kan sjå Storen.

Kart Eikeneset-Jotunheimen

93 KILOMETER: Sondre Kvambekk har trekt ei rett linje på kartet frå Eikeneset til Hurrungane.

– Temmeleg sikker

– Men er du sikker på at det er Store Skagastølstind du ser, og ikkje t.d. Store Austanbotntind?

– Ja, det er eg temmeleg sikker på. Då eg stod på Storen i sommar og såg utover mot vest så låg Austanbotntinden så langt til venstre at den ikkje kunne sperre for Storen. I tillegg har eg vore på Store Austanbotntind, og derifrå kan eg ikkje sjå mot Eikeneset.

I den retninga han såg ligg berre Store Ringstind, og den er for låg til at den sperrar for utsynet.

– Eg ser at profilen på biletet frå Eikeneset kan minne litt om Store Austanbotntind, men den store avstanden gjer at biletet er litt grumsete. Som sagt, eg er nokså sikker på at det er Store Skagastølstind vi ser.

Vest-Jotunheimen frå Bjørnaskori

I SYNINGOM: Vest-Jotunheimen sett frå Bjørnaskori på vestsida av Finnafjorden. Til venstre i biletet ser vi Vangsnes.

Foto: Sondre Kvambekk