Hopp til innhold

No vil han gje andre same sjansen

Eirik Sognnes frå Lærdal debuterte i dag med sin første singel og musikkvideo med låten Fredag.

– Dette er veldig, veldig kjekt, seier ein svært nøgd lærdøl.

Måndag sleppte Sognnes sin første singel. Men han har ikkje hatt tid til å nyte det enno.

– Det følast veldig fint, men eg har vore på jobb i heile dag, så eg har ikkje gått gjennom tilbakemeldingane enno.

Men ein rask kik på Facebook-sidene til 25-åringen syner så langt berre positive reaksjonar.

Har vore klar lenge

Sogningen har hatt lang tid til å verte nervøs.

– Låten har vore klar lenge, eg har spelt han live i over eitt år.

Innspelinga i studio var også ferdig for fleire månadar sidan. Og for ein månad sidan var musikkvideoen klar.

– Eg har kjent veldig på nervar og spenning, men eg har hatt is i magen. Når det gjeld musikkvideoen ha eg vore veldig fri, og stolt veldig på dei rundt meg.

Sjå musikkvideoen og høyr låten øvst i saka.

– Har aldri vorte bedd om å skru ned

Det var ein livslang ambisjon som gjekk i oppfylling måndag.

– Å stå på scena og gje ut eigen musikk har vore ein draum sidan eg var ein liten gut. Så lenge eg kan hugse, har dette vore målet, seier Sognnes.

Han hugsar enno at han stod med mora på kjøkenet og song inn i ein oppvaskkost. Og nettopp mora, vil han gje ein stor del av æra for at draumen har vorte til ein røyndom.

– Ho har alltid vore glad i musikk, og dei artistane eg har vorte glad i og inspirert av er det ho som har introdusert meg for, som Bjørn Eidsvåg og Creedence. Og ho har aldri bedd meg om å skru ned musikken. Aldri.

– Det må vere ei unik mor?

– Ja, det vil eg seie. Ho har vore veldig viktig for musikkinteressa mi.

Vil takke musikkskulen

Men på den store dagen vil han også trekkje fram andre som har vore viktige. Han har ikkje budd på heimstaden i Lærdal på nokre år. Men kulturskulen i ungdomsåra sit likevel friskt i minnet.

– Eg og nokre barndomsvener starta band gjennom kulturskulen, og det var svært viktig for meg, seier Sognnes før han held fram.

– Eg vil også nemne min utruleg viktige musikklærar på ungdomsskulen, Jon Erik Rode. Han tende ein gneiste i meg.

Og no vil han gjere det same for andre

Denne våren fullførte Sognnes ein bachelor i musikk ved høgskulen i Volda.

– I dag er faktisk første dag i sumarferien. Eg jobbar på ein sumarklubb for born og unge på Askøy utanfor Bergen.

Til hausten vil han freiste å tenne den same gneisten som kulturskulen og Rode tende i han.

– Eg skal starte ein bandskulen for born og ungen mellom ti og seksten år i Volda. Då eg gjekk i kulturskulen kunne band vere eit eige fag, seier Sognnes.

Den moglegheita vil han gje til fleire.

– Det er ikkje så mange som har det. Mange gutar og jenter sit på rommet og spelar gitar og syng. Vi håpar å gje dei sjansen til å gjere det i lag.

Kanskje kan då fleire få oppfylt draumen dei sit med på guterommet. Når det gjeld Sognnes, har han allereie neste mål klart.

– No håpar eg singelen vert godt motteke. Så skal eg forhåpentlegvis i studio att for å lage EP eller album til hausten. Det er neste den neste draumen.